Kister

Kva kiste ein vel er noko av det første ein må ta stilling til. Vi har eit stort utval av kister i ulike utformingar og fargar. Mange vel den kvite kista, fordi det er den vi er vande til å sjå. Men det er fleire kvite kister å velje mellom. Ulike design og ulike typar handtak.

Nokre vil gjerne ha noko annleis, og då er det mange kister å velje i. Ulike fargar, ulike tretypar, ulike handtak og ulike design. Også innvendig skil kistene seg. Nokre har hengsla lokk, nokre er heiltrekt i stoff på innsida, og svøpet kan vere ulikt frå kiste til kiste. I samråd med oss kan vi finne den kista som passar.