BLOMSTER

Ein viktig del av seremonien

Blomster skapar ei vakker ramme rundt gravferda, og er ei fin siste helsing til avdøde. Vi har faste samarbeidspartar innan binderi, som lagar blomstrane slik du ønskjer. Val av fargar og blomster er noko de som pårørende vel. Det er og vanleg å ha med sløyfe med helsing og namn på.

Klikk her for å sjå ei brosjyre med ulike alternativ.

På våre minnesider er det mulig å bestille blomster til dei ulike gravferdene, både lokalt og nasjonalt.
Klikke på bildet av en tulipan lengst til høgre ved sidan av namnet til avdøde.

Kistedekorasjon

Kistedekorasjonen er den blomsteroppsatsen som ligg på kista under seremonien. Kistedekorasjonen er vanlegvis frå dei nærmaste pårørande.

Ein vakker kistedekorasjon er ei verdig avskjedshelsing. Velg ein dekorasjon med blomster og farger som du føler avspeglar avdøde sin personlegdom og livshistorie. Som regel vil fargane vere førande for andre blomsterhelsingar som kjem til gravferda.

Kistedekorasjonen har vanlegvis sløyfeband med helsing og namn på dei næraste. Det er mogleg til å ha sløyfe på begge sider av kistedekorasjonen.

Kransar og båredekorasjonar

Gode vener, familie, kollegaer eller andre nære kjente vel gjerne kransar eller bårebukettar som ei siste helsing til avdøde.

Kransen eller bårebukketen har vanlegvis to sløyfeband; eit med ei helsing, og eit med namna til dei den er frå.

Hjarte

Eit blomsterhjarte kan lagast slik at det blir sett på eit stativ eller blir festa fast på kista i seremonien.

Blomsterhjarte kan vere fylte eller opne, og dei kjem i ulike storleikar.

Eit hjarte har vanlegvis to sløyfeband; eit med ei helsing, og eit med namna til dei den er frå.

Hjarte

Eit blomsterhjarte kan lagast slik at det blir sett på eit stativ eller blir festa fast på kista i seremonien.

Blomsterhjarte kan vere fylte eller opne, og dei kjem i ulike storleikar.

Et hjarte har vanlegvis to sløyfeband; eit med ei helsing, og eit med namna til dei den er frå.

Kranser og båredekorasjoner

Gode vener, familie, kollegaer eller andre nære kjente vel gjerne kransar eller bårebukettar som ei siste helsing til avdøde.

Kransen eller bårebukketen har vanlegvis to sløyfeband; eit med ei helsing, og eit med namna til dei den er frå.

SLØYFETEKST

Ei siste personleg helsing til den som har gått bort

Sløyfebandet inkluderer normalt to lengder. Ei lengde med helsing eller minnetekst og ei lengde med kven helsinga er frå. Teksten på sløyfene blir ofte lest opp i løpet av seremonien. Ved val av sløyfe, blir den same teksten skriven på eit kort som blir samla inn før seremonien startar, og levert til familien som eit minne.

Her er nokre døme på sløyfetekstar:

• Takk for alt, kjære…

• Takk for alle gode år, kjære…

• Minnast i kjærleik

• Minna vil leve

• Takk for alle gode minne, kjære…

• Takk for alt du gav, kjære…

• Takk for alt du var for oss, kjære…

• Takk for all godheit og omsorg, kjære…

• Takk for all kjærleik og omsorg som du alltid viste, kjære…

• Takk for mange gode barndomsminner

• Takk for all glede og varme du gav

• Takk kjære…

• Ei siste helsing

• Siste helsing og takk for alt

• Siste takk og farvel

• Vi gøymer ditt minne, kjære…

• Kjært er ditt minne

• Du var så kjær og umisteleg