GRAVFERDA

Val av seremoniform for gravferda/bisetjinga

Det er ikkje noko lovkrav knytt til å ha seremoni ved gravferd. Likefullt er det slik at dei fleste vel å ha ein eller anna form for seremoni. Om avdøde var medlem i eit kyrkje-, trus- eller livsynssamfunn, vil dette normalt vere førande for kva seremonitype pårørande vel. Ein kan og ha ein livsynsnøytral seremoni. Som gravferdsbyrå kan vi hjelpe til med val og planlegging av gravferd og seremoni uavhenig av kva type seremoni ein vel.

Vi kan stå til teneste med:

  • Kontakt med kyrkje-, trus- og livsynssamfunn
  • Utforme og formidle dødsannonse
  • Ulike typar kiste
  • Svøping og nedlegging i kiste
  • Blomebestillingar
  • Trykke songhefte
  • Solistar/musikarar
  • Pynting og assistanse på gravferdsdagen
  • Transportar
  • Lage gravmarkør
  • Ordne med syning og båreandakt
  • Utfylling av diverse meldingar og skjema
  • Gravmonument og skrifthogging

Ulike typar seremoniar

Den Norske Kyrkje

Seremoni i Den Norske Kyrkje vert gjennomført etter dei rammer som gjeld for gudsteneste. Presten tek kontakt med pårørande, i god tid, for ein sørgesamtale, og er den som leier/forretter gravferda, gjerne i lag med gravferdsbyrået. I tillegg til dei faste salmane er det høve til å ha eigne musikk/soloinnslag.

Ved bisetjing skjer jordpåkasting i kyrkja. Ein avsluttar gjerne med at kista blir båren ut i bårebilen, og ser den køyrer av stad til krematoriet.

Pynting og symbolbruk må høve til gravferda sin karakter, men ein kan gjerne markere personlegdommen til avdøde ved bruk av fargar og blomar.

Humanistisk gravferd
Seremoni skjer på eit humanistisk grunnlag. Pårørande blir kontakta av seremonleiar frå Human-Etisk Forbund, som og er med å hjelpe med utarbeiding av seremonien. Som del av seremonien kan ein mellom anna ha ulike musikkinnslag, allsangar, minnetale, sløyfelesing, diktlesing. Ein kan velge humanistisk seremoni sjølv om avdøde ikkje var medlem av Human-Etisk Forbund.

Andre trussamfunn
Norge er eit fleirkulturelt samfunn med ulike trussamfunn. Seremonien blir lagt opp etter den aktuelle trussamfunn sine skikkar og regi. Det vil normalt vere med ein eller fleire frå trussamfunnet som talar/leiar seremonien.

Livsynsnøytralt
Det er og mogleg å ha ein livsynsnøytral seremoni. Då er det pårørande som sjølv bestemmer fritt korleis ein vil leggje opp seremonien, både med tanke på innhald og mulige religiøse innslag. Vi hjelper gjerne med planlegging og eventuelt leiing av seremonien.

Humanistisk gravferd
Seremoni skjer på eit humanistisk grunnlag. Pårørande blir kontakta av seremonleiar frå Human-Eteisk Forbund, som og er med å hjelpe med utarbeiding av seremonien. Som del av seremonien kan ein mellom anna ha ulike musikkinnslag, allsangar, minnetale, sløyfelesing, diktlesing. Ein kan velge humanistisk seremoni sjølv om avdøde ikkje var medlem av Human-Etisk Forbund.

Andre trussamfunn
Norge er eit fleirkulturelt samfunn med ulike trussamfunn. Dette pregar og når ein kjem til gravferd. Seremonien blir lagt opp etter den aktuelle trussamfunn sine skikkar og regi. Det vil normalt vere med ein eller fleire frå trussamfunnet som talar/leiar seremonien.

Livsynsnøytralt
Det er og mogleg å ha ein livsynsnøytral seremoni. Då er det pårørande som sjølv bestemmer fritt korleis ein vil leggje opp seremonien, både med tanke på innhald og mulige religiøse innslag. Vi hjelper gjerne med planlegging og eventuelt leiing av seremonien.