OPNINGSTIDER
Våre kontor er opne mån – fre mellom kl. 8.00 og 15.30.
Om du treng å komme i kontakt med oss utanom kontortid, kan du ringe 24 timar i døgnet.
Nokre gonger er det slik at ein ikkje får samla alle ein ønskjer til seremonien. Det kan vere mange årsaker til det. Då kan det vere eit alternativ å få filma gravferda. På den måten kan dei som ikkje får vere fysisk tilstades likevel får delta i seremonien – gjennom å sjå den direkte via strøyming. Vi kan ordne med filming og strøyming med god kvalitet.
Strøyming av gravferder startar 10 minutt før seremonien startar.